Velkomen
til det fjerde møtet i det europeiske nettverket for gardsostystarar og den europeiske kongressen “Mattryggleik i småskalaysteri”
Kjære ystarar!
Dette året held vi det fjerde møtet i det europeiske nettverket for gardsostystarar i Zafra (Extremadura, Spania). Dette året vil vi halde ein europeisk konferanse kor vi samlar produsentar, rettleiarar og tilsynsfolk frå europeiske land til eit felles mål: å dele kunnskap og samarbeide om mattryggleik i småskala ysteri.
Helse og matkvalitet har høg prioritet hjå europeiske forbrukarar. Gjentekne skandalar i landbruksindustrien har svekka tiltrua til maten, og stimulerer til utvikling av lokal småskala foredling i dei industrialiserte landa.
Men av og til blir små verksemder stilt overfor paradoksale hindringar, t.d. når regelverk som er laga for å beskytte forbrukarane, blir bruka mot dei minste verksemdene. Små ysteri har vorte tvinga til å legge ned verksemda, fordi dei ikkje har økonomi til å tilfredsstille krava frå helsemyndigheitene.
For å hindre slike produksjonsforbud og ta vare på tradisjonell europeisk osteproduksjon, er det europeiske nettverket for gardsostystarar vorte danna.
Under møtet i Zafra, vi det i tillegg til konferansen “Mattryggleik i småskalaysteri”, bli tid til møte i arbeidsgruppene, besøk på ysteri, og sjølvsagt få smaka ost frå heile Europa.
Vi ynskjer hjarteleg velkomen til medlemane i nettverket, og til nye som vil vera med. Denne gongen inviterer vi også inspektørar med særskilt interesse eller ansvar for småskala foredling frå næringsmiddeltilsyna frå dei ulike landa.
Beste helsing,
Juan Gabriel Santiago
Country Cheese Producer
President of ARTEQUEX (Asociaciön de Queserias Artesanas de Campe de Extremadura)
| |
Next Meeting
Date
from May 2nd until May 5th 2012
Location
Zafra
Extremadura, Spanien
Programme
Wednesday, May 2nd
- Arrival and reception of guests
Thursday, May 3rd:
- Excursion to local farmhouse and artisan cheese dairies
- Meeting on organization network
Friday, May 4th:
- Public Conferernce on “Food safety in small cheese dairies” with simultaneous translation to English, Italien, French, German and Spanish
Saturday, May 5th:
- Workgroup meetings
- Common restitution of working groups
|
|